Kvinnherad, Psykolog

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

2 stillingar Psykolog/Psykologspesialist - Folgefonn DPS, Døgnpost og Poliklinikk

Helse Fonna HF omfattar sjukehusa Haugesund, Stord, Odda, Valen og fire psykiatriske sentre (DPS). Organisasjonen er delt inn i sju klinikkar/område som er organisert på tvers av dei ulike sjukehusa. Ein legg vekt på fleksibilitet, også med omsyn til arbeidsområde og arbeidsstad. Helse Fonna skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. Helseføretaket dekker ei befolkning på ******innbyggarar, og har ca. 3 200 tilsette.

Valen ligg i Kvinnherad kommune, vakre Sunnhordland, midt mellom Haugesund og Bergen. Kultur- og fritidstilbodet er rikt med Folgefonna nasjonalparkområde og Baroniet i Rosendal like ved. Landskapet er ope, med ei fantastisk utsikt til fjell og Hardangerfjord. Det er skianlegg i området.

Valen ligg 6 km frå tettstaden Husnes. Der det er kulturhus, golfbane, symjebasseng og roarena. Her ligg og Husnes Storsenter, største handlesenter i Sunnhordland. Kvinnherad vidaregåande skule ligg på Husnes. Valen Oppvekstsenter med skule og barnehage ligg i nærleiken av sjukehuset.

Kvinnherad kommune har godt utbygd skultilbod og god barnehagedekning. For meir informasjon om regionen besøk www.kvinnherad.kommune.no


2 stillingar Psykolog/Psykologspesialist - Folgefonn DPS, Døgnpost og Poliklinikk

Ein stilling er knytt til psykosepost på Folgefonn distriktspsykiatrisk senter på Valen. Posten har eit tverrfagleg ambulant rehabiliteringsteam. Det vil bli arbeidd med å starta ei brukarstyrt seng i løpet av året. Folgefonn DPS har eit godt tverrfagleg miljø med behandlarar med lang klinisk erfaring/kompetanse. Det blir lagt vekt på god samhandling med døgnpostar, poliklinikk og dagbehandlingstilbodet.

Det er ledig stilling ved allmennpsykiatrisk poliklinikk på Valen.

Folgefonn DPS har gode samhandlingsrutinar med sentralsjukehus og kommunehelsetenesta.
   
Arbeidsoppgåver

  • Utredning og diagnostisering.
  • Behandlingsoppgåver, terapeutisk individuelt og gruppe
  • Delta i tverrfagleg team med psykiater, psykologspesialist, klinisk sosionom og sjukepleiar med klinisk spesialitet.
  • Rettleiing av personell internt og i kommune.

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og ønske om å arbeide i tverrfagleg miljø.

Følgjande blir tilbydd

  • Det blir lagt til rette for å følgje spesialisering i tråd med NPFs standard i obligatorisk kurs og rettleiing/supervisjon med gode vilkår.
  • Moglegheit for forsking.
  • Avtale på 2 mnd.fordjupningspermisjon pr. 5 år.
  • Bustad etter behov for einskildperson eller familie.
  • Lønn etter avtale og tariff og evt. med rekrutteringstillegg.

Andre opplysningar

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Fast
  • Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.11.2011

Utdanningsretning

  • Utdanningstittel: Psykolog embetsstudie eller tilsvarande

Språk

  • Dansk
  • Norsk
  • Svensk

Arbeidsstad

  • Helse Fonna, Valen

Referansenr.: ******           
Søknadsfrist: 14.09.2011

Kontaktinformasjon:

Hege Lægreid Røssland    Seksjonsleiar    ******    
Bjørn Ree    Seksjonspsykologspesialist    ****** 

Skriv ut

Bedrift

Sted

Stillingsprosent

- Heltid

ID

1023118

Kategori

Utdanningsnivå

Universitet/høyskole