Bykle, Hjelpepleier
Autorisert hjelpepleiar / helsefagarbeidar - 60% fast stilling
PLEIE OG HJELPETENESTA
Pleie- og hjelpetenesta omfattar heimebaserte tenester , alders- og sjukeheim (24 plassar) og arbeid med psykisk utviklingshemma.
Vi har:
• Tid for brukarane våre
• Heimekoseleg institusjon, der bebuarane har einerom med bad/toalett
• Lite og oversiktleg arbeidsområde
• Dei tilsette arbeider både i institusjon og heimebaserte tenester
• Moglegheit for fagleg utvikling og utforming
• Opplæring for nytilsette
• Romsleg budsjett
Vi søkjer:
AUTORISERT HJELPEPLEIAR/HELSEFAGARBEIDAR - 60% fast stilling, pt natt, frå snarast.
Kvalifikasjonskrav:
• Off. godkj./autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
• Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid.
• Interesse for å arbeide med eldre.
• Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner
Vi kan tilby:
• Lønn som hjelpepleiar/fagarbeidar etter avtale
• Eigne lønstillegg etter 5 og 10 års teneste
• Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle etter eige reglement
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Bedriftshytte ved sjøen og leilegheit i Kristiansand
Den som blir tilsett må følgje oppsett turnusplan, tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må ha førarkort for bil. For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot til KLP.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Vidar Johnsen, tlf: ******/******. Søknad med CV og godkjende kopiar av attestar og vitnemål sendast
Bykle Kommune, 4754 BYKLE eller på E-post ******. Kopiar av vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Søknadsfrist: 4. februar 2011
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Stillingsstorleik
60%
Fast
Kontaktinformasjon
Kontaktperson
Johnsen, Vidar
Søknadsfrist
04.02.2011



