Ørsta, Sykepleiere med grunnutdanning
Ferievikariat i helse- og sosialsektoren 2011
Sak nr. 2011/141 ID nr. 390
Vi søkjer etter vikarar til tenester retta mot pleie, miljøarbeid, reinhald, kjøkken, heimehjelp, heimesjukepleie med meir.
Beskriving
Nærare informasjon om kva oppgåver og stillingar vi treng vikarar til, kan ein få ved å vende seg til den aktuelle avdelinga ein søkjer arbeid i
Vikarar som skal arbeide i heimebaserte tenester må ha sertifikat. Heimehjelparar må i tillegg stille til rådvelde eigen bil i tenesta mot kilometergodtgjersle etter kommunalt reiseregulativ
Det må kome tydeleg fram i søknaden kva avdeling du ynskjer å arbeide
Dersom ein vil stå som søkjar fleire stader, må dette kome fram av søknaden med ei prioritering
Likeeins må det kome fram i søknaden om det er deler av sommaren du ikkje kan arbeide. Avdelingane vil i hovudsak ha behov for vikarar i juli til midten av august
Vikarar som kan arbeide heile perioden vil bli prioritert
Telefonnummer til dei ulike avdelingane
Ørstaheimen v/Inger Liadal******
Heimebasert omsorg – sentrum v/Anne Dagrunn Ose – ******
Hjørundfjordheimen v/Knut Åmås – ******
Vartdal helsetun v/Sylvi Bjørlykhaug – ******
Bustadtenesta v/Kristin Vik – ******
Psykiatritenesta v/Kristin Mork******
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement
Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida
Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir
Gjer vel å føre opp saksnummer og ID- nummer, dersom du nyttar papirskjema
Kopiar av vitnemål og attestar sendast som e-post til ****** eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6150 Ørsta
Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetting
Søknadsfrist
01.05.2011



