Ørsta, Sykepleiere med grunnutdanning
Inntil 3 x 100% faste st. for sjukepleiarar - Hjørundfjordheimen
Inntil 3 x 100% faste st. for sjukepleiarar - Hjørundfjordheimen med arbeid på dag/kveld og helg. Ei av desse stillingane er knytt til pleiegruppe med integrert heimebasert omsorg.
Sak 2011/254 ID. nr. 402
For nytilsette sjukepleiarar som vert tilsett i faste stillingar ved Hjørundfjordheimen vert det som rekrutteringstiltak vurdert lønsplassering som ved 10 års ansiennitet
Beskriving
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pliktig medlemskap i KLP
Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida
Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir
Gjer vel å føre opp saksnummer og ID- nummer, dersom du nyttar papirskjema
Kopiar av vitnemål og attestar sendast som e-post til ****** eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6150 Ørsta. Ved intervju / tilsetting skal det leggast fram rettkjend dokumentasjon
Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetting
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unntakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga
Kontaktperson 1
Knut Åmås
Søknadsfrist
14.04.2011



