Sogn og Fjordane, Autorisert lege
Kommunelege 1 - fastløn eller avtalepraksis (sak nr 12/155)
Vi har ledig nyoppretta stilling som kommunelege 1.
Høyanger helsesenter har 4 unge kommunelegar som held til i nye tidsmessige lokaler midt i Høyanger sentrum. Kontoret har 4 helsesekretærar og laboratorium med bioingeniør. Vi har moderne IKT-system og har eit godt arbeidsmiljø med gode tilbakemeldingar frå turnuslegar og studentar.
Kommunen tilbyr legen sjølv å kunne velge tilknytningsordning. Hovedfunksjon vil vere almennpraksis i fastlegeordning med ca 600 listepasientar. 50 % kurativt og 50% administrativt arbeid.
Kommunen har 2 utekontor som ein må pårekne å arbeide ved etter nærare avtale.
Høyanger kommune er med i interkommunalt legevakt lokalisert ved lokalsjukehus i Førde – vaktbelastning med ca 1 vakt pr mnd.
Vil du vere med på laget vårt, ta kontakt med:
Helse- og omsorgssjef Toril Varden på tlf******som kan vidareformidle kontakt med ein av legane våre
Kristine Longfellow
Øyvind Grinde
Magnus Olsen
Rositsa Smilyanova
Søknadsfrist: 25.02.2012
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i Offentleglova.
Send elektronisk søknad via vårt søknadssenter på www.hoyanger.kommune.no, oppgje saksnr. 12/155, eller send søknad til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger.
Oppgi i søknaden at du har søkt stillingen via www.helsestillinger.no.



