Ein kan trygt seie at på Voss set innbyggjarane pris på at bygda ligg så ideelt plassert:
Til dømes, når dei fastbuande i bygda ikkje er på jobb, då nyttar dei gjerne naturen og landskapet i Vossaområdet for alt det er verd, om det no er på høgfjellet, på elva, i fjellveggen, i lufta, på vatnet, i skogen eller på verandaen. Andre engasjerer seg kanskje i ein av dei om lag 500 frivillige organisasjonane som finst her i bygda. For andre igjen er det kanskje det urbane livet som kallar, og berre ein god time unna kan me ta oss ein kveld eller dag i "havnebyen vår" - Bergen.
Voss har knapt 14 000 innbyggjarar, og bygda er eit regionsenter og trafikknutepunkt i indre Hordaland.
Voss Sjukeheim i Voss Kommune har fylgjande ledige stillingar:
To Sjukepleiarstillingar, dag/kveld, 100%
Opplysningar om Voss kommune: Voss kommune har ca 14 000 innbyggjarar med Vossevangen som regionsenter. Voss er ei naturperla og er med sine 1815 kvm. den største kommunen i Hordaland fylke. Voss er senter for utdanning i regionen og har kort avstand til Bergen. Voss har eit godt utbygd næringsliv, stort spekter av kultur- og idrettstilbod og gode høve til rikt og aktivt friluftsliv og ekstremsport. Kommunen har 1200 tilsette. Voss Sjukeheim har totalt 87 sengeplassar fordelt med 29 plassar i kvar av dei 3. etasjane. Totalt ca 70 pleieårsverk, av dette ca 14 sjukepleiarårsverk. Insitusjonen har fast tilsett lege.
Kontaktperson: Asbjørn Nilsen dagleg leiar Voss Sjukeheim Tlf.: 56 52 15 18 mob.: 95 26 20 20
Ansøk til Voss kommune Uttrågata 9 Boks 145 5701 Voss
Søknadsfrist: 9 December 2009.
Velkommen med din søknad via søknadskjemaet nedenfor |