Bykle, Hjelpepleier
Sommarvikarar i Pleie- og hjelpetenesta 2011
Beskriving
Pleie- og hjelpetenesta omfattar heimebaserte tenester, alders- og sjukeheim og arbeid med psykisk utviklingshemma. Vi treng ferievikarar i tidsromet 20.06 – 14.08.11 Dei som blir tilsett må rekne med opplæring i veke 25.
Vi treng vikarar som kan arbeide innafor desse områda:
Pleie, kjøkken/reinhald, vaskeri, heimehjelp, habilitering (PU)
Vi søkjer etter:
Sjukepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar, vernepleiarar, sosionomar/elevar/studentar innafor aktuelle fagområde, heimehjelp, assistentar innafor alle områda.
Vi kan tilby:
- Autorisert sjukepleiar. Direkte plassering.
- Autorisert hjelpepleiar/omsorgsfagarbeidar. Direkte plassering.
- Studentar under helsefagutdanning, lønn etter eigen avtale.
- Assistentar over 18 år. Etter kommunalt regulativ.
- Bonus på kr. 6 000 dersom ein bind seg til å arbeide samanhengande i 6 veker i perioden 27.06 til 07.08.
- For søkjarar som ikkje er busett i kommunen kan vi vere hjelpsam med husvære.
Ynskje om arbeidsområde og arbeidsperiode oppgjevast i søknaden.
Søkjarar bør vere over 18 år, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Søkjarar til heimetenesta må ha førarkort.
Personar som vil jobbe 6 veker i samanheng eller meir, vil bli prioritert.
Den som blir tilsett må følgje oppsett turnusplan.
For arbeid i habiliteringstenesta krevjas politiattest.
Elles gjeld dei vilkår som går fram av gjeldande lover, avtalar og reglement.
Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til tenesteleiar Vidar Johnsen tlf. ******eller avdelingssjukepleiar Linda Reiulfsen tlf. ******. Søknad med kopiar av attestar og vitnemål/eksamensutskrift sendast til Postmottak, Bykle kommune, 4754 Bykle eller til ****** .
Kommunen ynskjer ikkje kontakt med annonseseljare.
Stillingsstorleik
Ferievikarar i tidsromet 20.06 - 14.08.2011
Kontaktinformasjon
Johnsen, Vidar
Reiulfsen, Linda
Søknadsfrist
31.03.2011



